Me er så heldige å få kyndig hjelp frå mekanikar/motorguru/tusenkunstnar Johannes Skjelnes på Varaldsøy. Han foretar for tida komplett overhaling på Burmeister`n. Alt er plukka, sandblåst og lakkert på nytt i originalfarge. Alle pakningar er skifta, det same gjeld stempelfjører, ventilane er slipt, nye dysespissar, sjøvannspumpa er totalrenovert. Det er også montert et ekstra dieselfilter (duofilter). Turbo var defekt og er no totalrestaurert/bygd opp på nytt. Johannes har STOR tru på at dette skal gå fint, i følge han er Burmeister`n "knapt innkjørt" på 43 år.
Fredag 30.januar 2009 var Sverke på synfaring, gleda var stor då motoren vart starta og gjekk som ei klokke på pallen i verkstaden.
KRISE 23.02.09:
Etter testkjøring i dag viser det seg at det er sprekk i toppen, vant piplar ut....Forklarer tidlegare stort vannforbruk som ein trudde var grunna morkne slangar/koblingar osv...Er alt arbeidet/overhalinga no forgjeves mon tro??? Johannes var på plass i Strandvik eit par timar seinare for å plukka topp av delemotor, denne skal han trykktesta - me held pusten og håper på det beste....27.02.09: Gleda er STOR i dag, Johannes har igjen fått gang på Burmeister`n, deletoppen er montert og trykktesta, tett og intakt!!!
Motoren var "innom" ein tur søndag 15 mars, det viste seg at brya under måtte justerast litt, for å få dette til måtte Burmeisteren heisast ut igjen. ONSDAG 18.MARS VAR DEN PÅ PLASS IGJEN.
Før kobling og elektrisk kan påbegynnast må det på plass renovert pakkboks på aksling.
Onsdag 3.juni 2009:
Burmeisteren brumma og gjekk, første prøveturen på fjorden vart utført i vakkert solskin, stor stas!